Lustragruppa reiser til Marifjøra på "Fjøremarknad" laurdag 2.desember

Fjøremarknad

Lustragruppa vil gjerne på julemarknad i Marifjøra laurdag 2.desember.

Aktiviteten passer for familiar med ungar i alle aldrar.

Laurdag 2.desember reiser me til Marifjøra på julemarknad. Me skal kose oss saman og sjå på kva dei ulike bodene har å vise fram. Her kan det vere moglegheit å få kjøpt både julekaker og julegåver.

Me avsluttar dagen med å gå på kafèen til Sognefjord sjokolade.

Julemarknaden er ute så det er viktig at alle har på seg varme klede. 

Oppmøteplass: Kl 11.30 på kaien i Marifjøra. 

Har du ikkje bil og trenger skyss? Skriv det i beskjedfeltet når du melder deg på. Det pleier å gå greit ved at me fyller opp privatbilane våre. Ein forutsetning for å få skyss er imidlertid at du har vore med oss på ein aktivitet tidlegare slik at me kjenner deg litt frå før. Dersom du trenger skyss avklarar me dette på førehand. 

Forslag til eigenandel: Kr 20,- pr person. Betalast kontant ved frammøte, gjerne i ein konvolutt merka med namnet ditt. Er prisen meir enn du klarar akkurat no legg du berre litt mindre i konvolutten, det går heilt fint. Har du derimot god økonomi og er med mest for det sosiale, er du som vanleg velkomen til å betale litt meir enn den foreslåtte deltakarprisen.

Påmelding: Logg inn med ditt brukarnamn og passord og meld deg og dine på. Benytt gjerne beskjedfeltet om det er andre ting du vil gjere oss merksame på. Umiddelbart etter dette kjem det opp en farga statustekst på skjermen din om at du er påmeldt og har fått plass. Same beskjed er også sendt til din epostadresse.

For å få flest mogleg familiar med, er det som vanleg anledning til å melde på kun eigne ungar.

Strevar du med innlogging finner du informasjon her.

Det er berre å ta kontakt om du lurer på noko. Me gledar oss til å treffe dere!

Venleg helsing  Janne og Anita

IOGTs Eineståande familiar Luster

Informasjon

Dato

2. des 2017

Klokkeslett

11:30 - 16:00

Kontakt aktivitetsansvarlig

Anita Kjørlaug

tlf. 45665954

luster@enestaaendefamilier.no

Sted

Marifjøra

Pris: Kr. 20,-

Start: 15. november
8:00
Slutt: 1. desember
20:00

Påmelding

Du har ikke registrert noen barn. Gå til Min side for å legge til barn.

Endre melding

Endre melding