Luster

Se aktiviteter

Eineståande familier i Luster har tatt ein pause.

Eineståande familiar er IOGTs aktivitetstilbod til voksne som ofte er åleine med barn eller av ein eller annan grunn opplever seg litt åleine i foreldrerolla. Lokalgruppene blir drivne av frivillige foreldre som også ofte er åleine med barna sine. Hos har du møtt vaksne, barn og ungdom i ulike aldersgrupper og livssituasjonar. Felles for oss alle er at me har hatt lyst til å bli bedre kjent med andre og dei moglegheitene nærmiljøet gir oss for aktivitetar med barna våre.

I Luster starta me opp i 2015 og har arrangert aktivitetar først og fremst i helgar.  Me har sendt ut epost-invitasjon i forkant. No i 2018 har me funne ut at me ikkje finn grunnlag for å fortsetje dette arbeidet. Det har vore liten interesse og få deltakarar til tross for mykje arbeid for å få med fleire. Vi legg difor ned gruppa i Luster i denne omgong.

Står du ikkje på vår epost-liste kan du registrere deg via fana øverst på denne sida.  Slik registrering er enkel, gratis og heilt uforpliktande og me held listene for oss sjølve. Det kan vere kjekt å stå på lista vår om me skulle finne på å starte opp arbeidet att. Dersom du ikkje lenger ynskjer invitasjonar fra oss, trykker du berre på “Ikke send meg flere invitasjoner” nederst i ein av e postane frå oss og er sletta frå registeret. Enkelt og greit. 

“Lik” gjerne Facebooksida vår. Der finst mange koselige bilete og helsingar etter aktivitetar i dei ulike gruppene.

Hilsen IOGTs Eineståande familier

luster@enestaaendefamilier.no

Kontakt oss

Lokale leiarar:

Ingen lokal leiar i augneblinken

luster@enestaaendefamilier.no

 

Nasjonal leiar i IOGTs Enestående familier:

Trude Sletteberg Tlf: 97614519

trude.sletteberg@iogt.no

Kommende aktiviteter