Luster

Se aktiviteter

Velkomen til Eineståande familiar i Luster!

Me ynskjer fleire deltakarar og potensielle framtidige leiarar velkomne til å bli med oss.

Eineståande familiar er IOGTs aktivitetstilbod til voksne som ofte er åleine med barn eller av ein eller annan grunn opplever seg litt åleine i foreldrerolla. Lokalgruppene blir drivne av frivillige foreldre som også ofte er åleine med barna sine og disse har gjennomført det obligatoriske leiarkurset. Hos oss møter du vaksne, barn og ungdom i ulike aldersgrupper og livssituasjonar. Felles for oss alle er at me har lyst til å bli bedre kjent med andre og dei moglegheitene nærmiljøet gir oss for aktivitetar med barna våre.

I Luster starta me opp i 2015 og me arrangerer aktivitetar først og fremst i helgar. Etterkvart som aktivitetane blir ferdig planlagt kan du lese meir og melde deg på via aktivitetskalendaren. Me sender alltid ut epost-invitasjon i forkant.Alle aktivitetar er sjølvsagt heilt alkoholfrie, til glede for barn og vaksne.

Står du ikkje på vår epost-liste kan du registrere deg via fana øverst på denne sida.  Slik registrering er enkel, gratis og heilt uforpliktande og me held listene for oss sjølve. Dersom du ikkje lenger ynskjer invitasjonar fra oss, trykker du berre på “unsubscribe” nederst i ein av e postane frå oss og er sletta frå registeret. Enkelt og greit. 

“Lik” gjerne Facebooksida vår. Der finst mange koselige bilete og helsingar etter aktivitetar i dei ulike gruppene. Mange av dei som er med vil du finne igjen som tilhengarar på Facebook. Kanskje oppdagar du at du allereie kjenner nokon av oss frå før?

Har du nokon spørsmål, forslag til aktivitetar eller kanskje du har lyst til å bli med på neste leiarkurs? Då vil me gjerne høyre frå deg :)

Velkomen til Eineståande familiar i Luster, me gledar oss til å bli kjend med deg og dine.

Hilsen IOGTs Eineståande familier Luster

luster@enestaaendefamilier.no

Kontakt oss

Lokale leiarar:

Linda Cathrin Huseby,  tlf: 450 15 201

Anita Kjørlaug, tlf: 456 65 954

Janne Teigen, tlf: 960 41 345

luster@enestaaendefamilier.no

 

Nasjonal leiar i IOGTs Enestående familier:

Trude Sletteberg Tlf: 97614519

trude.sletteberg@iogt.no

Kommende aktiviteter